Pilegrimsreise til Le Roncole

Kva gjer ein når ein har sjekka ut frå hotellet sitt i Genova og det enno er åtte timar til flyet går frå Milano? Jau, ein tar seg ein biltur til Le Roncole – i alle fall var det det underteikna gjorde i sommar saman med junior. Korfor akkurat dit? Fordi det var her Giuseppe Verdi vart fødd den 10. oktober 1813, og vi – eller kanskje mest eg – ville gjerne sjå huset han vart fødd i: Casa Natale Giuseppe Verdi.

Landsbyen Roncole (den kallar seg gjerne Roncole Verdi i dag) er knapt nok meir enn eit veikryss – eller fem-seks veikryss om ein skal vera sjenerøs. Den ligg midt ute på flate bondelandet på Posletta, men er likevel nær «det meste» i nord-Italia. Turen vår tok omlag to timar frå Genova med bil. Frå Milano tar det ein og ein halv, og frå Verona litt meir. Frå Firenze tar det litt over to. Så om du befinn deg i disse strøka med bil, og har noken timar til overs, så har du muligheten. Det går jo også tog, men det må du finna ut sjøl!

Le Roncole, Giuseppe Verdi sin fødestad
Le Roncole, Giuseppe Verdi sin fødestad

Continue reading «Pilegrimsreise til Le Roncole»

Sangens vinger

Eg kom over dette herlige bildet frå Musical Toronto av Kirsten Flagstad. Det er frå filmen «The Big Broadcast frå 1938» der ho syng Brünnhilde i Wagners «Die Walküre» – som ho gjorde så mange gonger med bravur. Det må vera ein passande start på ein blogg som skal handla om opera under mottoet «sull» ali dorate»!

post Continue reading «Sangens vinger»

Va pensiero og Risorgimento

Korpartiet som vart frigjeringssymbol

Kanskje det mest kjente korpartiet frå heile operalitteraturen er Va pensiero, eller slavekoret, frå operaen Nabucco (1842) av Giuseppe Verdi. Det er veldig ofte framstilt som Verdi sitt store bidrag til Risorgimento – samlingen av dei italienske småstatane vart samla til kongeriket Italia. Og Verdi sjøl har blitt framstilt som nasjonalskalden framfor nokon. Vi skal sjå litt nærmare på dette.

Kva handlar slavekoret om?

Sjølve teksten, er inspirert av Salme137  i det gamle testamentet: «Ved Babylons elver der satt vi og gråt». Men teksten er heilt ulik salmen. Den fins heller ikkje i dei kjeldene som Temistocle Solera brukte for å skriva librettoen, så dette er altså hans eige verk. På dette punktet i operaen (3. akt, 2. scene) er jødane haldne til fange i Babylon.  Abigaille vil knusa jødane, inkludert Nabucco si eiga dotter Fenena, og lurer han til å skriva under dødsdomen deira. Når han forstår kva han har gjort, ber han Abigaille om nåde, men det er for seint. På Eufrats bredder er fangane uvitande om dette, og drøymer om det heimlandet dei såg vart ødelagt i operaens første akt.

Så er spørsmålet: er dette eit godt utgangspunkt for ein revolusjonær sang? Før vi diskuterer dette, kan du jo ta ein kikk på dette klippet frå Metropolitan Opera i 2001 og finna ut kva du meiner sjøl:

Continue reading «Va pensiero og Risorgimento»